Om speleglede

ragnhild sannes, cello

Om speleglede

Det viktigaste eg gjer er å behalde gleden når eg øver. Om eg skal kunne ha eit så krevande yrke år etter år, må eg synes at det er kjekt. Å kunne basere jobbkvardagen min på indre motivasjon gjer at eg sparer masse krefter og viljestyrken får kvile seg.

Gleden av å ta andre med inn i mitt klangunivers er noko heilt spesielt. Å kunne treffe andres hjarter er ei stor oppleving. Å gje til andre, utan å forvente noko tilbake. Gje dei noko dei ikkje visste at dei trengte, kanskje uten at dei har bedt om det eingong.

Timani har lært meg å kjenne musikken i min eigen kropp. Det gir meg høve til å treffe andre menneske på eit djupare plan enn før. Om eg kan kjenne musikken i hjartet, er sjansen stor for å treffe andres hjarter. Der har eg motivasjonen til timesvis med øving.

Timani har gitt meg ein jobbkvardag basert på glede. Det er lett å vere sin eigen lærar, og potensialet for utvikling verkar å vere endelaust.



Vil du ha inspirasjon om Timani rett i innboksen din? Meld deg på nyhetsbrevet vårt nå, og få nyttige tips, intervjuer og info fra oss!

Takk

Vil du ha inspirasjon om Timani rett i innboksen din? Meld deg på nyhetsbrevet vårt nå, og få nyttige tips, intervjuer og info fra oss!

Takk